fellesskap

Kyrkja

Kva er kyrkja for meg, ein ateist? Kva er kyrkja for menneskje, anten dei trur eller ikkje trur? Kva representerar ho, for augo, for hjarta, for den indre kjensla? Kva er ho og kva gjer ho? Gjer det ein skilnad kor gamal ho er, om ho er ung og moderne eller gamal og klassisk – korleis ho ser ut, utafrå?

romnes-krk.JPG

Eg trur det. For meg gjer det ein skilnad korleis ho ser ut, utafrå. Både utafrå og inni. For meg, som ateist. For ho bind saman tida, den gamle kyrkja. Ho rommar så mykje menneskeleg og medmenneskeleg den gamle, så mykje liding og sorg, så mykje håp og tru, at ho held slektene og generasjonane saman. Ho er tak over og tjukke, trygge veggar kring sjølve bygdesjela. Anten ein trur eller ikkje trur. Anten ein er ung eller gamal. Det er kva ho gjer, den gamle kyrkja.

Eg veit likevel ikkje kva det elles er, for noko er det, eit eller anna, som i vanskelege stunder får meg til å oppsøke og vandre omkring på kyrkjegarden. Det gjev meg inga glede. Det løftar ikkje stemningsleiet. Men noko, eit eller anna, gjer det med meg. Med dei vanskelege dagane eg i periodar slit meg gjennom. Med problema som bit i sinnet. Problema som et av søvnen eg sårt treng.

Kan hende eg vil løyse likt med likt, forsone meg med at smerta, at til og med sjølve dauden, er sider ved livet ein må akseptere. At alle må drikke av smerta og lære seg til å handtere ho som best dei kan. At nokon døyr i smerte og av smerte.

Er det difor eg vandrar omkring einsam på kyrkjegarden, let blikket dvele ved og stryke langsetter og oppetter det staselege byggverket. Let blikket flyte langsetter og over rekkene med harde og kalde monument over forgjengeleg liv. Let blikket stave fram namn på lavkledd gamal stein, monument over ein person som levde for generasjonar attende. Er det band eg kaster bakover og nedover, eit anker for å finna feste i noko større. Feste i fellesskapen av problem – og glede. Problem – og samhald. Kan hende eg vil løyse likt med likt. Finna forståing snarare enn løysing. Finna forsoning snarare enn svar. Og kan hende er det kva den gamle kyrkja gjer med meg. Gir meg tid og ro for ein puls som passar tanken og stemninga i meg. Tid og ro til å bli heil nok til å gå vidare. Heil nok til å verdsette livet slik det er, med smerte og med glede, og framfor alt håp.

Men så veit eg ikkje heilt kva eg skal tru likevel, om at ho, den gamle kyrkja – for gamal må ho vera, utapå og inni – , kvifor ho på eit eller anna vis hjelper meg til å finna eit fotfeste og ein livspuls. Puls til meg, ein ateist?

Eg kallar naturen min katedral. Føler ofte glede over å vera i same natur forfedrane levde i. Glede ved tanken på at dei såg dei same linene og formene i terrenget som eg ser. Glede over dei sterke banda og sjølve tilhøyringa. I naturen finst puls i rikeleg monn. Men i og ved kyrkja, den gamle, finn eg likevel noko anna. Noko eg ikkje kan definera. Ein dimensjon som evnar å trive tak i tankane når kvardagen i periodar går meg imot – ?

Så, kva er kyrkja for meg, ein ateist? Kva er kyrkja for menneskje, anten dei trur eller ikkje trur? Kva representerar ho, for augo, for hjarta, for den indre kjensla? Kva er ho og kva gjer ho der ho stend og har stande? Stend og har stande som eit symbol over sjølve livet – og dauden som del av det? Stend og har stande som ein bauta, eit monument for alle dei tankar og sinn ho har gjeve plass til mest i tusen år – gjeve puls?

Advertisements

2 responses to this post.

  1. Posted by Luringen on september 20, 2006 at 9:08 PM

    Ville bare si hei og titte innom 🙂

    Svar

  2. Hei Luringen, og takk for besøket. Håper du kikker inn til meg av og til. Jeg kommer til å følge med på hva som skjer på bloggen din, som med de andre VGB favorittene. Kanskje slenger jeg inn en kommentar om du blir for ytterliggående også, under nicket «phalloides».

    Ha en super kveld, klem på begge sider 🙂

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: