nattgjestar

Poff, poff!

Eit par artige framtoningar, far og son, gjesta meg seint i kveld. Det småkakka ampert på døra, lengst nede, rett etter klokka ti, og eg drog kjensel på lyden. Han stamma, slik eg tenkte, frå ei herda stortå. Eg fekk eit bestemt inntrykk av at noko gale var på ferde, så eg opna raskt. Og der sto dei, far hissig fektande med fela i den eine handa medan sonen kikka fram litt skremd attom faren. Kona mi hadde lagt seg, så eg gjorde teikn til at me måtte vera stille før eg bad dei begge med inn på kontoret. Faren trampa inn, trass i at eg hadde bede han om å vera roleg, og han let meg på det viset forstå at han var kraftig opprørd! Eg hadde aldri tidlegare sett han slik, han som berre var blid og god i heile seg?

troll2.jpg

Eg sette meg ned og ville løfte faren opp i ein stol, men han ville ikkje. Trampa i golvet så det ljoma! Sonen, skremd av farens lynne, piltra nå bort og forsvann inn i eine tøffelen min. Eg hørte han stønne, og brått kom han fram att, ravande med to fingrar i kvart nasehol. Så eg løfta vesleguten opp og sette han på datamusa, der han hadde godt oversyn over alt som gjekk føre seg. For å gjera sonen heilt trygg la eg handa inntil, slik at han med eit lite byks kunne gøyme seg bak ho. Han såg nå roleg på meg og pusta letta ut.

«Og kva er det som har gira opp deg allereie ti dagar før jol, gamlefar?» spurde eg. Men han berre mumla og freste slik at det var uråd å finna noko meiningsfylt i det. Så her var berre ein ting å gjera. Eg putta vesleguten i brystlomma og gjekk inn på kjøkenet, knuste ein mandel, krysta ein rosin, tok litt frå kvar opp i eit lite kaffimål og halvblanda i nytrakta kaffi og rein sprit. Riktig ein skarp førjolsdram skulle gamlefar få å roe seg ned med.

Det fungera. Halvt ned i målet stansa trampinga, og da siste dråpen rant nedetter strupa forsvann rynkene frå panna. Han var ved å bli sitt gamle gode. «Ein til, i andre beinet?», spurde eg, og han nikka og smila. Rekkte ivrig fram målet. Vesleguten sat fryktlaus på datamusa nå, så eg let han sitta og gjekk til kjøkenet for å blande ein ny dram. Og etter litt, når andre målet var tømt, begynte gamlefar å prate slik at eg kunne forstå. Eg peika på stolen og han nikka. Eg løfta han opp og fann eit stort pussegummi han kunne sitta på, og mest før fua var på plass la han frå seg fela og slo opp med armane, «poff, poff, poff! Dei skyt opp rakettar, alt for tidleg, alt for tidleg, poff, poff, poff! Me får ikkje sova. Heime sit trollmor med eittåringen og veit ikkje si arme råd!».

Kva kunne eg gjera med problemet, for det var eit problem som måtte løysast. Eg kika rådlaus på vesleguten. Han tromma tenksamt med tærne mot musematta. La på ei lita bekymringsrynke og såg veslevaksen ut. «Tiddeli-fiddeli», sa han og såg bort på faren. «Tja, kvifor ikkje», sa eg.

Eg opna vindauge på vidt gap, løfta gamlefar bort og huka buksestroppen over låsen slik at han ikkje skulle dette ut, halvfull som han var. Og snart ljoma det musikk utover bygda, med tonar så reine, sterke og fine frå den vesle fela at alle som hørte måtte undre seg over kven som spela. Ungdomane roa seg. Det poffa ikkje meir, ble stilt.

Han heldt fram enda nokre minutt før tonane stilna. Eg huka han laus og sette han i stolen, og i det same kom kona inn. Ho hadde vakna av musikken og bad gamlefar om å spela meir, berre litt. Og felespel ble det til seine natta. Vesleguten kveda og gamlefar spela finare enn nokon gong før.

Kona og eg har teke farvel med dei to nå, for berre nokre minutt sidan. Gamlefar med ei korka kulepennhette på baklomma, fylt med dram. Ein til seg og ein til trollmor, slik at dei skulle sova riktig godt i natt. Blide og nøgde dansa dei av garde, og me kunne høyre dei le og prate der dei forsvann i mørke natta. Så får me tru ungdomen tenkjer seg om og ventar med poffinga til det nye året startar. Det er ei travel tid for nissar, tussar og troll, både for store og små, og dei treng kvile og søvn før høgtida set inn.

Advertisements

4 responses to this post.

  1. Flott å se du tek vare på dei små du au! Mogeleg dei traff på nokre av trollkarlane som har vore på vitjing hos meg i førjola.., -og det anar meg dei ikkje var heilt støe på labben dei heller,hehe:)

    Flott og morosam fortalt historie!
    Du får senda dei høgtidshelsningar herfrå:)

    Beste helsing Nunzio

    Svar

  2. #1 Nunzio

    Jeg skal nok hilse, de stikker sikkert innom i romjula, om ikke annet så for å få påfyll i kulepennhetta 🙂

    Svar

  3. Ååå, nå ble jeg fullstendig bergtatt her…..;) Utroli facinerende eventyr…. I moderne form…. Hmmm….Sitter her og tenker…. TRodde trollene var større enn oss mennesker, og ikke mindre? Der forsvant den innbildingen……;)

    Hils småtrollene fra Yetien….Og si de er velkommen her oxo…;)

    Trolske klemmer Yetien…..

    Svar

  4. #3 Yetien

    Vær forsiktig med hva du ønsker, det kan gå i oppfyllelse. Av og til er de skikkelig rampete 🙂

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: